Forum: Åpent forum

17 mai i Stardalen 2012.

Vi startar feiringa av dagen ved Haugtun kl 11,30 med tog og Skei skulemusikk.
Tale for dagen ved Atle Hammar.
Mannskoret.
Mat
Leikar og konkuransar for store og små
Programmet sluttar ca kl 1700, men det vert høve for sosialt samvær,med kjøp av kaffi og kaker utover kvelden.

Velkommen.

17 mai kommiteen 2012

Separator.

Er det noen inne i Stardalen som har en brukbar separator til salgs. ???

Åmot skule

I fylkesarkivet går det fram at Skei skule (sentralskulen) sto ferdig i 1960. Det går vidare fram at den var planlagt for å ta i mot alle elevane frå skulekrinsane i Stardalen og Klakeggkrinsen.
Det vert også opplyst at Åmot skule sto ferdig i 1958, berre 2 år før sentralskulen på Skei.
Det som er litt merkeleg no i ettertid, over 50 år seinare, er at dei 2 utbyggingsvedtaka må ha kome om lag samstundes.
Er det nokon i Stardalen som kjenner til eller hugsar kvifor kommunen vedtok å bygge ny skule på Åmot for så, rett etterpå, gjere vedtak om å bygge sentralskule på Skei for dei same elevane ?

Stardalen Vandrehjem.

Når vi tenker på den flotte naturen med elv/bre og meget bra turtereng så måtte det vere eit alternativ å bygge eit “vandrehjem” som var billigt nok for dei turistane som ellers klarer seg med det som er natugjeve,og det er det nok av i Stardalen sommer som vinter.
Her er ikke så mange muligheter for dei som ikke liker å overnatte i telt/campingvogn ,så då tenkte eg at dette var ein ide som kune vere eit alternativ til campinplassane som alerede er her.

Veiret i Stardalen 2011.

Vi kan vel vere einige om at veiret i 2011 var både vått og kaldt.Men gjennomsnitt temperaturen for 2011 har vel ikkje vore so høg før, eg har målingar frå 1980 og kan i farten ikkje sjå so høg gjennomsnitt temp tidlegare. Men lat oss sjå kor “gale” det var i 2011.
Gjennomsnitt temperatur: jan. – 1,2. (2010 – 6,8) (2009 + 1,8) (2008 + 1,9) Februar, – 3,7. (2010 – 5,9) (2009 -1,6) (2008 + 3,8) Mars, + 2,1. (2009 + 3,1) (2009 + 4,2) (2008 – 1,2) April, + 7,0. ( 2010 + 9,4) (2009 + 9,4) (2008 + 7,7) Mai, 10,3. (2010 10,8) (2009 + 11,8) ( 2008 + 15,7). Juni, + 12,2 ( 2010 + 14,6) (2009 + 14,9) ( 2008 19,1). Juli, 15,3) (2010 +17,2) (2009 + 17,9) (2008 + 18,4)August, +13,6. ( 2010 + 16,6) (2009 +15,8) (2008 + 14,4). September, + 11,8. ( 2010 + 10,9) ( 2009 + 10,9) (2008 + 11,9) Oktober, 6,6. (2010 + 6,6) ( 2009 + 10,9) (2008 + 11,9). Oktober +6,6. (2010 6,6) (2009 + 5,8) ( 2008 +5,8). November, + 5,4. (2010 – 5,1) ( 2009 + 3,5) (2008 – 0,8) Desember, + 1,1. (2010 – 6,4) (2009 – 2,3) (2008 – 1,9). Gjennomsnitt temp for året var: + 8,5. (2010 + 5,3) ( 2009 + 7,6) (2008 + 7,9).
Det har vore 96 dagar med sol i 2011 . 268 dagar med skya veir, av dei har det vore 87 dagar med regn og 27 dagar med snø. Det har og vore 109 dagar med vind med meir enn 1 m.s.
Kor mykje regn det har vore får han Jacob Flatjord ta seg av, for det var ein mnd det vart reg. feil verdiar. Ja dette var veiret i 2011 med mykje tal.

Tid for nedvask - Haugtun.

Laurdag 12. November håpar vi mange i grenda Veiteberg/Befring har høve til å stille opp på dugnad for forsamlingshuset vårt, Haugtun.

Huset treng ein god nedvask, og vi startar kl 10:00.

Ta gjerne med vaskeutstyr, så skal vi halde såpe og vatn!

Det vert servert lunsj midt på dagen for svoltne dugnadsarbeidarar!

Velkomen til ein trivelig dugnadsdag i lag.

Med helsing
Styret i Haugtun.

Årsmøte i Haugtun

Mandag 14. november kl 20:00

Sakliste:

1/11 Godkjenning av innkalling og sakliste

2/11 Val av møteleiar

3/11 Val av skrivar

4/11 Val av to til å skrive under møteboka

5/11 Årsmelding

6/11 Rekneskap

7/11 Arbeidsplan

8/11 Husleigetakstar

9/11 Ymse årsmøtesaker

10/11 Val

Kaffi og enkel matservering.

Vi ynskjer velkomne til årsmøte

Med helsing
Styret i Haugtun

Stardalen 16.10.2011

Lurer på kor mange som veit kvar denne fossen er?

Tortnegrøegga 26/06-2011

Video fra tur til Tortnegrøegga: http://www.youtube.com/watch?v=D0SnLhkZvYA
-—————————————————————————————————————

Kyss

På toppen

Utsikt vestover

Kjell-Atle son av seksmenning til Hallvard og Kjetil Flatjord

Blant mange slektskapsforhold er dette det nærmaste, med innslag/felles opphav Knut Andersson (bruk 1) Veitebergsbakke (fødd 1730), ikkje Flatjord, samme med f. eks. Jofrid Johanna Olsdatter Nydal, Olaug Johannesdatter Bakke og Oddbjørn Pederson Dvergsdal.
Kjell-Atle er sjumenning med Hallvard Hansson Viken, innslag Anders Olson (br. 2) Kjøsnes og barnebarn av firmenning til Norvald Nilsson Sandal, innslag Jesper Rasmusson Flatjord.
Fleire spørsmål?

17. Mai i Stardalen

Tortnegrøegga 22/04 - 2011

Video fra tur til Tortnegrøegga Langfredag 2011
http://www.youtube.com/watch?v=_pqN8P2UWdg

Annonse