Stardalen 16.10.2011

Lurer på kor mange som veit kvar denne fossen er?

Vist 174 ganger. Følges av 5 personer.

Kommentarer

Ja detta va`kje lett ! Her er lite omland å sjå, men eg prøver meg no med eit par forslag :
Kan det vere elva frå Kvannebotnen ? Eller kanskje Hauaelva ?

Får sjå om det er andre som har gått forbi her. Det er i alle fall frå Stardalen

Tykkjer det kjem ein flodhest opp av elva her på nederste biletet!!! Då kan det ikkje vere Stardalen etter slik eg kjenner den dalen….;-)

Eg og trudde det var ein flodhest med same eg såg det og vart litt forundra over at det skulle vera det her. Når eg kom nærare forstod eg at det var eit anna dyr. Trur det må vera ein nyoppdaga art. Kan hende det er like greit om ikkje nokon ser kvar biletet er teke så det får vera i fred. Faren er at det kan formeira seg fort. Ongjen ligg att med. Såg ellers ikkje ut til at dei var redde for folk.

Den var vrien. Men eg trur kanskje at den høyrer til på nordsida av Stardalen.Kanskje at det kan vere frå grova som kjem ned kvannskreene i Veitebergsdalen ?

Ikkje den lettaste oppgåva dette nei. Eg får prøve å nærme meg med å seie at det ser ut som elva kjem frå breen. Sidan den har slipt “flodhesten” så godt må det vere mykje “silt” i vatnet. Men her er mange elvar i Stardalen som har slikt utspring. Men eg prøvar meg med Hauadalen, kanskje frå Haugabreen?( sjølv om den er for lita)

Var ikkje noko dårleg forsøk det Jacob. Er vel ikkje so mange som går akkurat her, men biletet viser elva nedanfor Haugasøylen.

Annonse

Nye bilder