Det har vore mykje snakk om været i vinter, og kvifor ikkje fortsetje.
Hittil har det stort sett dreia seg om ekstremt kaldt og deretter ekstremt mykje snø. Så no er det vel på tide å skrive om ekstremt mykje regn. Min nedbørsmålar melder om 89 mm siste døgn (frå kl 19 – 19) på dei 3 siste timane er det kome ytterlegare 14 mm. No kan vel ikkje det kallast ekstremt, men det er heldigvis år mellom slike nedbørmengder på eit døgn.Det er ikkje vanskeleg å høyre at det regnar til topps, på alle snøskreda som er komne i løpet av kvelden. Og ørna er straks på vengene for å sjå om det dukkar fram ein matbit i fonnlaupet. Får berre håpe at elva klarar å ta unna all isen som skal ut på vandring mot havet. Det kan fort bli eit problem dersom vasstanden stig kraftig. I 1976 var eg med på at vi brukte dynamitt for å sprenge ei isdemning som danna seg innanfor osen til Heggheim. Då var elva pakkande full av is heilt inn forbi Flatjordsbrua, og vatnet tok seg veg utover flatene. Vi får håpe vi slepp det igjen, for NVE er pengelens var det hevda på ein annan tråd her, so vi må vel rydde opp sjølve.
Håpar vi kan starte ein tråd om ekstremsommar med positivt fortegn seinare!
Kommentarer
Ja det vart mykje væte dette her.Eg kjem meg ikkje ut av garden på grunn av mykje vatn i vegen .Brøytekantane er ca 1 m høge og det står heilt fult med vatn.
Gamle brua som går over Befringselva rett innanfor her eg bur er borte vekk.Det er is og snøras i elva som har teke den.Men ellers so har vi det bra.Det ser no ut til at vatnet er på retur heldigvis, so om tid og stunder so kjem vi oss vel ut.
Var ein tur innover dalen ved 10- tida. Det har tydeleg gått eit stort ras i Svorene i Befr.d.
Kan det vere årsak til ei demme , som har hatt medverknad på raset i Befringselva ?
Ja eg har tenkt på at det kanskje hadde gått eit ras der oppe som kan vere skuld i raset som har gått i elva.Det er truleg to ras som har gått.Ca kl 0600 var eg inn og såg at brua var borte vekk, og so var der eit nytt ras ca kl 0700.
Ja so vart bekymringa mi i forrige innlegg ein realitet. Eg skal prøve å fortelje korleis eg opplevde det som hende. Eg sette pålag frukosten fast i halsen ved frukostbordet i går morgon litt over 6. Store ismassar kom forbi Flatjordsbrua og bevega seg stadig saktare utover. Etter eit par minutt stoppa det heilt, og ismassane skruar seg opp slik ein berre ser på film frå arktiske strøk.
Isproppen er som tidlegare i svingen ved Grepstadslåttene. Ein fjellrygg ligg her diagonalt over nesten heile elva, og her botnfrys det sjølvsagt i kalde vintrar. Det har også tidlegare vore oppmoda om at den fjellryggen vert sprengd vekk.Eg ringjer NVE, og får beskjed om at der startar dei arbeidsdagen kl 8.00. Men i kritiske situasjonar kan ein ringe eit mobilnr, då hamnar eg likegodt i Oslo ! Eg vert beden om å ringe kommunen når dei er komne på arbeid.
Etter ein privattelefon til Steinsund, kjem han for å sjå på tilhøva. Vatnet har då brote seg igjennom brøtyekanten på det lågaste punktet utanfor brua og fossar i strie straumar inn på vegen. Og her er det “god plass” for vatnet, med halvannan meter høge brøytekantar. Jan Tore klarar med brøytetraktoren å lage utslag for å få vatnet delvis tilbake i elva.
Etter fleire timar dukkar 4 ingeniørar frå NVE opp, hyggelege folk alle saman. Men svært opptekne av kven som har ordra maskiner for å rydde opp, og kven som skal betale! Er det vegstyresmaktene eller.., tydelgvis ikkje NVE! Eg tilbyr dei å få gå med maskina på elvebreidda på min eigedom for å lage ei grøft i ismassane for at elva kan løyse opp ismassane sjølv og frakte dei vekk. For elva er forsatt full av vinteris frå Veiteberg og innover!
Det er i skrivande stund ikkje gjort noko med ismassane, og maskina er vekk.
Moralen må bli: Ikkje bry deg! Hald deg på trygg grunn og la naturen ordne opp sjølv. Om vegar og dyrka mark vert øydelagt rakar ikkje det staten! Heller ikkje om folk kjem seg på arbeid grunna stengde vegar.
Ja er det ikkje typisk. Det offentlege vil ikkje ta ansvar etter slike hendelser. Då er det krangel mellom dei forskjellege etatane om ansvaret for å rydde opp. Det er nok truleg NVE som som er den ansvarlege i dette tilfelle. NVE vil no ha ansvar for elvane,og då er det vel naturleg at dei har ansvaret for oppryddinga og.
Såg innslaget på Vestlandsrevyen i går frå Fonn. Her kan ikkje NVE kome med eit svar eingong,
men dei sender 4 ing. i dette tilfelle, som ikkje er istand til å uttale seg om ansvaret .
Det gjev og dårlege signal om pengebruken når det må 4 personar til for ei slik synfaring.
Berre denne synfaringa kostar vel omlag 15 000,- når vi reknar lønn og reise m.m (skulle ikkje undre meg
om dei og får diettpengar). Kan det vere slik at det er for mange papirflyttarar i denne etaten og, slik at
det er der pengane forsvinn ?
Du har so altfor rett trur eg, det var vel dei same 4 som var her for 14 dagar sidan. Vi får berre håpe at dei no er blitt litt kjende her, og såleis ser at her trengs det gjerast noko. Dei har trass alt sett det med eigne auge. Det skulle ikkje vere nødvendig med lange utgreiingar for å senke elva på Fonn. Eg trur vi må be dei om å kome ein gong til, når snøen er borte, og då bør dei ta turen inn i Langedalen for å sjå kvar massane kjem ifrå.
Elles vil eg minne om møtet om straumforsyninga i Stardalen komande måndag den 11. kl 19 i Bygdetun.
Sunnfjord Energi stiller med sjølvaste direktøren i spissen for den 4 mann sterke delegasjonen, for å informere om oppattbygging av linja i Grepstadmarka. Og ikkje minst er dei interressert i å høyre lokalbefolkninga sine synspunkt. Dei vil sjølvsagt kunne svare på spørsmål frå innbyggarane. Her har vi ein unik sjanse til påverke driftstryggleiken i vår framtidige straumforsyning. Så set av dato og tidspunkt!!
Ja men er ikkje det slik det offentlege Norge er.Pengar har dei rikeleg av ,men det er prioriteringa som er heilt riv ruskande gal. Sende ut folk for å snakke fint og romsleg om enkelte prosjekt det har dei pengar til,men å få gjort noke med det, nei då set ikkje pengane so laust.Då må det gå månader og år før dei kan gjere noke, visst det i det heile tatt vert gjort noke.