Stardalen bruker Origo til å lage sidene sine. Det kan du også gjøre.
Origo er sosiale nettsteder for alle. Med Origo kan du blogge, lage bildealbum, sette opp kalendere og diskutere med folk. Du kan enkelt starte nettsteder for firmaet ditt, foreningen din, familien din eller bare deg selv.
Ja no er det ja… mykje snø her i Stardala. Eg målte snødjupna i dag tidleg, og då var den 153 cm.Den 28 februar var det ca 85 cm med snø.
Men heldigvis so er snøen som er komen i den seinare tid lett.
Eg håpar på at det vert snart andre temperaturar slik at denne driten fer vekk.Som de kanskje forstår so er eg je… lei snøen no,og det håpar eg at de andre er og.
Heilt einig Hallvard,eg meinar bestemt vi har hatt snø på taket siden oktober,og då nermar vi oss eit halvt år,og lei er berre halve ordet,ugggha,VÅR..
Ja det er ikkje vanskeleg å vere einig i frustrasjonen til Hallvard over snømengdene i Stardalen. Men vi som er komne til skjells år og alder som det heiter, hugsar liknande brøytekantar frå 50 – 60 talet.
Då var det ikkje like enkelt å kome seg opp på brøytekatnen når vi skulle i “gjeilebakken” eller “merkingsmyra” eller var det fordi vi var mindre då… Iallefall litt? Hugsar at vi laga spretthopp i merkingsmyra og hoppa over vegen frå brøytekant til brøytekant, det var som kjent ein del av unnarennet. Slik syssel var vel dåtidas ekstremsport.
Elles har eg gjort meg nokre tankar verdørande vegstandarden mellom Lyngstadfossen og nyevegen på Veiteberg. Som kjent er dette vegpartiet noko av det verste vi har i dalen. Her er nok berelaget lagt rett på myra mange stadar, og det har lite for seg å berre oljegruse på nytt. Som kjent vart ytre Fonn evakuert under ein flaum sist haust. Ekspertane var einige om at noko måtte gjerast straks, for å hindre ny flaum. Eit samarbeid mellom NVE og fylkeskommunen måtte her vere ei idiell løysing. Massane frå elva på Fonn vil vere glimrande fyllmasse til masseutskifting på vegen mellom Lyngstadfossen og Veiteberg. Omkøyringsveg på Befringsida ligg berre og ventar. Nokon som er ueinig?
Til det du skriv om å nytte fyllmasser frå elva på Fonn. Dette vart teke opp gjennom utviklingslaget i haust.
Leiar i utv.laget opplyste på årsmøte i februar at Fylkeskommunen var positiv til tanken. Men eg forstod det slik
at NVE var " pengelens " og at det var usikkert når dette arbeidet kunne takast.
Muleg at eg hugsar litt feil her, men då får Jacob Andre rette meg.
Eg er klar over at det har vore meir snø her tidlegare,men eg meinte alikevel at det no var på tide å seie “stopp”.
Til å bruke fyllmassar frå elva på Fonn for å utbetre vegen i Stardalen er ein god ide.NVE har nok pengar,men det kjem nok an på prioriteringar.
Om å nytte fyllmassar frå elva på Fonn. Godt å høyre at dette har vore teke opp i utviklingslaget. Eg stiller meg undrande til korleis NVE skal kunne reinske opp elva dersom dei er pengelens. Det er nok som Hallvard seier prioritering det kjem an på. Og då er det enklast å la naturen sjølv gjere jobben. Har forstått det slik at NVE prioriterer det som er fare for liv og helse. Det inkluderar ikkje skade på dyrka jord og bønder!
Var ein tur i Langedalen i fjor haust, etter mange års fråvær. Det var ei sjokkerande oppleving. Det er tydeleg at her er det stor tilgang på fyllmassar i åra framover. Her er det massar til å masseutskifte det meste av Stardalsvegen!
Kommentarer

Takkar for nyttige opplysningar !
Med såå store snømengder blir vi som bur i Bergen ikkje så lite uroleg for
hyttetaka…
Tek gjerne imot tips om nokon som kan tenkja seg ein slik “takjobb”.
Har undersøkt litt sjøl, men utan resultat.
Eg trur at heretter vil det vere lite fare for hustaka. Det tinar ein del inn mellom “snøbyene”, iallefall på taka.