Ole Johannes Øvretveit i Stardalen Sommarkafe.

Ole Johannes Øvretveit fekk låtten på gli då han vitja Stardalen Sommarkafe med standup-showet sitt fredagskveld 18 feb.
Frå ein artig treningstur til Dannmark, intervall trening på sykkel opp Gaularfjellet ,sykkelrittet Balestrand – Gaularfjellet. Og ikkje minst studieturen med buss til Østerrike der han kom i snakk med ei dame på bussen som han meinte var litt "prippen"av seg, men so enda opp med at ho viste ei heilt anna “side” til slutt, noke som dei kanskje ikkje heilt hadde rekna med å få sjå.
Redaktør jobben i Sogn dagblad var han og innom, mykje rart kan skje i ein avisredaksjon. Kort sagt ein artig og latterfull kveld.Slike kveldar må vi få fleire av.

Vist 152 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder