
Som dei fleste av dokke veit so er eg eigar av Liastova.
Riksantikvaren meiner at Liastova er frå slutten av 1400 talet eller tidleg på 1500 talet. Ho er soleis det eldste huset i Jølster.Hytta er automatisk freda av Riksantikvaren.Historia om Liastova er det Sverre j Befring som har skreve,og eg fekk det av han på 1990 talet.
Hytta er opprinneleg frå Kjøsnes.(Bruket til Johannes o Kjøsnes)Den vart flytta derifrå og inn til Befring bruk nr 1 Ura.Eigar av stova då var Krispinius Anderson som var lensmann og budde på Befring.Han var son til lensmann Anders Krispinius Nedrebø.Når den hadde tent ut si tid på bruk nr 1 vart den so flytta inn på " Nils – plassen"Teigane kalla dei det der ho vart sett opp,eit byggslebruk av bruk nr 3 Nilstunet.
Stova var so flytta ut i Geilane (der eg bur) i 1870.Den vart brukt som bolighus fram til 1934.Han som var brukar i Geilane då Hans Nilson Befring skulde bygge nytt hus . Gamlestova måtte “vike” og måtte gje plass til eit meir tidhøveleg hus.
Nokre ungdomar på Befring kjøpte stova for kr 100,- og flytta den opp på Befringsstøylen. For å få desse tunge matrialane opp på støylen måtte det eit dugnadsarbeid til.Folk og hestar sleit og drog og bygde, stova kom under tak til jonsok 1936.Den fekk då namnet Liastova.
Påskehelga 1937 kom dei første påskegjestene.Det var Kristen Nyhagen, Agnar Nyhagen, Gustav Holvik, Jon Flølo, Ingolv A Holvik, Nils Skinlo og Sverre N Heggheim alle frå Sandane.
So kom krigen 1940 – 1945.Den 8 februar 1945 kom det to Hollendara som gjekk i dekning i Liastova Wissjer og Wrugt og Førdianaren Hermod Hornes. Hollendarane var i arbeidsteneste hos tyskarane,og båten deira fraus inne i Førdefjorden.Dei planla å rømme og fekk hjelp av H, Hornes til det .Dermed enda dei opp i Liastova. Brukarane på Befring fekk so ansvar for desse tre karane. “Skaffe” dei mat og klede, og ikkje minst halde dei i skjul for Tyskarane.Dei var og med i veaskogen. Til påskehelga 1945 flytte dei ned til Befring og fekk hus i Nilstunet og Olatunet.Dette på grunn av at liastova skulle leigast ut til andre gjester.
Ei stund etter krigen vart Liastova leigt ut til den Norske Turistforening.
Då eigarane etter kvart vart gamle,kjøpte vi Liastova tilbake i 1978.
Kommentarer
Godt å sjå at Liastova blir tatt vare på ! Og godt å få repetert litt historikk. :)
Hugsar at eg som ungjente var ilag med far Bjarne og Sverre
inn i hytta. Vi fann nøkkelen på ein lur plass.., men du verda kor skeptisk eg var
til å gå inn i annen manns eigedom ! Hugsar at eg bestemte meg for å ikkje røre noko,
slik at eigaren ikkje kunne sjå at vi hadde vore der ! Hehe..
Det var vist eit tilfelle med brann i pipa eller i peisen i Liastova straks etter at den var bygd opp i Befringsdalen.
Hugsar at far fortalde dette, og at dei kjempa nokså mykje for å sløkkje denne. Eg trur det var i påska eller på den tid av året ettersom eg meinar at han sa at det vart nytta snø for å få sløkt brannen.
Veit du Hallvard eller andre noko om dette ?.
Ja etter det eg veit so hadde det teke fyr bak peisen (mellom peisen og veggen).
Det er nok rett som du skriv at dei kjempa mykje for å sløkkje brannen.Det var vel på grunn av at det var vanskeleg å komme til bak peisen. Men heldigvis so gjekk det bra.Peisen har ikkje vore i bruk på mange mange år.