Som småjente på ferie om somrane i Stardalen, lærte
eg av far eit herleg dikt, som eg lurer på kor kjem frå ?
Angrar på at eg ikkje spurde. Kanskje nokre her kjenner til det og
kan hjelpe ?
Eg lærte det slik:
Småguten han spurde og svara laut mor,
på spørsmål om alt mellom himmel og jord.
Og sistpå så spurde han og kvi i grunnen,
kattane alltid har bartar på munnen ?
Og mor, ja ho svara litt lettvint at pus med bartane
nettopp var kar å ta mus.
Då tagna småguten ei ørlita stund,
og tenkte så truten var trillande rund.
Jamen, mor dersom dette er så,
kvifor tek ikkje han bestefar myser då ?
Forfattar ???
Kommentarer
Ja det diktet har eg og høyrt for mange mange år sidan. Men forfattaren har eg ikkje peiling på, men det er nok einkvan her som veit det.Eg trur kanskje ho Anny Flatjord er ein av dei som veit kva forfattaren er.
Så bra andre også har høyrt det !!!
Tenkte faktisk også på at ein lærar
kanskje kunne vere til hjelp. Ventar vidare i spenning. ;)
Skal ikkje påstå at eg er lærar, men eg kan no likevel hive meg frampå og røpe at forfattaren er Sigurd Nesdal.
Han vart vel nærmast rikskjendis ein periode på syttitalet, etter at han vart fast gjest i diverse radioprogram med dikta sine. Mange har hamna på folkemunne og er nok ofte meir kjende enn forfattaren.
Tuuusen takk !!! No vart eg glad !
Hugsar godt Sigurd Nesdal på radio/tv på 70 talet ! Synes
eg “høyrer” stemma hans lese regla !
Fantastisk at du kunne hjelpe !
Som ei lita fortsetjing på opplysninga om skrønemakaren
Sigurd Nesdal, kan dei som vil høyre stemma hans få ei
oppleving i programmet Skrønekvarten sendt på Nrk i 1974:
her