

Ser at Kjetil F har forslag om å skrive om “den store snømengda” vi har fått.Og eg kan no starte sidan det er enkelte som meinar at eg burde sitje på datamaskina kvar dag og skrive.
Det gidde eg ikkje for å seie det rett ut !!
Men tilbake til "ekstremvintren 2010-2011.Javist var det kaldt i november og desember ,men når eg blar tilbake i veirnotatane so var det nokre år på 80 talet at det var like kaldt som det var no.Det som er forskjellen er at vi no hadde litt lengre periodar med kaldt veir rundt – 17 – 21 grader,men på 80 talet so hadde vi fleire gongar opp mot – 30 grader.
Eg målte snødjupna no i dag på flat mark og den var 110 cm.Det er mykje laus snø. No er det vist meldt eit kraftig mildveir til helga so då minkar det nok. Ser av veirnotatane at feks i 1981 hadde vi 150 cm med snø den 13 januar, og den var mykje fastare enn den vi har i dag for i 1981 hadde det regna nokre gongar før snødjupna var målt.Det gjekk eit ras på Grepstad no på måndag og tok straumen.Det har no gått snøras i det samme området eingong på 80 talet,då og forsvant straumen.So eit spørsmål til Kjetil Fl.Eg meinar eg har sett eit bilete som du har frå eit snøras som gjekk fram på Grepstad og som gjekk over vegen. Var det på same tid som då høgspent linja vart teken av snøras på 1980 talet ? Eller er eg heilt på villspor ?
P.S. Bildet er tekje i dag 13 jan.2011.
Kommentarer
Hallvard
-du etterlyser året for denne snøskreda på Grepstad. Året var 1980 og eg trur det var i februar.Skreda gjekk nok ikkje ned til der vegen er idag, men den gamle vegen i Stardalen var neddynga med mykje
snø, m.a. der den gamle brua gjekk over Grepstadelva. Det var ei solid kremmefonn ( som bilete syner) p.g.a
store snømengder i fjellet, men nede i dalen var det nokså normale mengder snø.
Om eg ikkje tek feil gjekk Svorafonna på Fonn omlag samstundes, og denne gjekk over vegen, reiv med seg
det nyoppsette rekkverket på vegen ut i elva.
Det var mykje snø i fjellet denne vinteren, men sommaren dette året var uvanleg varm og i august var det så lite
snø att i fjellet som eg aldri har sett før no dei siste åra. Dette er noko eg har skrive i hyttebøkene mine, og får
etterkvart historisk verdi .
Hallvard skriv og at det er mykje laus snø, og det er no rett , men likevel er det vel ikkje så ofte vi har så store snømengder så tidleg. I 1981 var det som du skriv store snømengder, eg var nett byrja på øv.bana, hadde lite
erfaring med traktor og brøyting, og bomma nok ein del både med planlegging og utføring.
Men 1982 var det endå større snømengd, det var fastpakka snø og mange målte kring 2m snødjupn .
Rekorden målte Steinar Høyvik med 2,4m i Høyviksflatene i mars. Så kan eg no ta med at i Veitastronda
slo dei oss kraftig
-—- der var det målt omlag 4,5 m , og dei grov tunnellar frå bustadhus til fjøs !!!!!Eg gløymde vist å svare på om bilete du Hallvard viser til , har samanheng med skreda som tok kraftlinja.
Og det har det, og så vidt eg kan hugse tok denne fonna 3 master den gongen.
Bilde frå fonna på Grepstad som gjorde Stardalen straumlause i omlag 14 timar. Det er Knut Bolset som bukserar nye pålar opp til skadestaden.
Ja du har nok rett i det at i 1982 var det meir snø enn i 81.Men det ser ut til at både i 80 – 81 – 82 – 83 – 84 var det ein god del snø.Det vart vel målt 165 cm med snø i Høyviksflatene rundt 1 mai. Huskar du om det var i 82 eller i 84?
Eller var det eit anna år ?
Eg trur det var -82 for det året var det over 1 m. snø rundt 10.mai. Så kom nokre dagar med 20 +
og 17.mai var all snøen borte. Var det ikkje då eg køyrde deg med traktor inn i tunet pga. stor snøsmelting
og store vassmengder som ikkje fann utløp i mot Befringselva ?
Men tilbake til store snøvintrar. 1968 var ein av dei. 1. mai det året skulle eg på skitur og snøkantane
inn Befringsvegen var så høge at eg såg ikkje over dei. Inne ved garasjen til Nils Olav klauv eg opp på kanten,
og då stod Sigurd Helgheim og målte snødjupna oppe på Lyngstadbøen. Den var då 120 cm.
Snømengdene i raset i Svorene var så store at vi gjekk på stigning inn på fonna frå sør når vi stod på ryggen
mellom gjela . Det låg att restar etter fonna fram til byrjinga av september.
Som hytteeigar i dalen, set eg stor pris på opplysningane som
kom fram her ang. snødjupn m.v. ! Takk til Hallvard !
For oss som bur langt vekke, er det nyttigt og kjekt å sjå bileter frå tilhøva.
Interessante notater fleire av dokke har frå lang tid tilbake. Imponerande !
Takk for det Torill.Ein liten veir rapport frå Stardalen no på måndags morgen.
Det er kome 24 mm regn frå kl 0800 søndag til kl 0800 måndag.Den 13 jan var snødjupna 110 cm, no kl 0800 måndagsmorgen er den på 78 cm.
Til Kjetil. Det stemmer det som du skriv at du måtte køyre meg innat i tunet med traktor på grunn av flaum,eg trur kanskje det var 7 eller 8 mai.
Eg hugsar i alle fall kor kaldt det var i Stardalen den vinteren vi bygde glattkøyringsbana. Rundt 30 minus i Lyngstadfossen fleire gonger. Det var vel i 1981?
Ja det stemmer sikkert det.Det var skikkeleg kald i fleire vintrar i starten av 80 talet.Vintrane var nok kaldare tidlegare enn dei har vore no dei siste åra.
Og det var nok meir snø og i "gamle"dagar.
Set med nokre bilete som er teke av hytta 1. mars 2000.
Kan det stemme at det då var stor snødjupn ? Meinar å hugse at
vi var litt uroa for hyttetaket den vinteren.
Ja det var ein del snø i 2000.Vi fekk mykje snø i mars og nokre dagar ut i april dette året.
Eg trur ikkje du fekk med dei bileta av hytta di Torill
Ei retting ang. året øvingsbana vart bygd. Den var under anlegg vinter / vår / og sommar 1980.
Den var ferdigstilt hausten 1980, og teken i bruk i januar 1981. Som eg før nemde, så var det mykje snø utpå vinteren 1980 ( jfr. dette med snøskredene på Grepstad og Fonn ).
Hallvard skriv at det var mange kalde vintrar på 80-talet. Det har han nok rett i, for eg bygde 20cm. “naturis”
på øv.bana dei vintrane og det var det ingen problem med.Frå 1988 og nokre år framover var det nesten
ikkje kuldegrader og det nytta ikkje med islegging av bana. Vi måtte då over til andre glattmiddel.